Om Synne

Hei, og velkomen til mi webportefølje! Mitt namn er Synne Øye Myrvold, og eg er ein design- og fotografspire på 23 år frå Ørsta, Sunnmøre. Våren 2016 fullførte eg bachelorstudiet mitt i Visuell Kommunikasjon, der eg utdanna meg som designar/visuell kommunikatør.

I tillegg til designstudia har eg vore interessert i foto i mange år. Eg har studert foto i eit år på Sund Folkehøgskule, og har også erfaring frå ei rekkje tidlegare fotooppdrag. Alt i alt er eg særs glad i å utfalde meg kreativt, og elskar å ha moglegheita til dette!

På denne nettstaden vil du finne eit utval av arbeid eg har gjort innan design og fotografi. Dersom du har nokon spørsmål eller førespurnadar, ta kontakt med meg på synneoye@gmail.com, eller fyll ut e-postskjemaet under "kontakt"!
Synne Øye Myrvold